Norsk Flid Husfliden Bergen – siden 1895

21.06.2012

Husfliden i Bergen vart etablert i 1895 med føremål å fremja norsk husflid økonomisk, sosialt, etisk og kulturelt. Gjennom 117 år har Husfliden i Bergen vore det viktigaste omsetningsleddet for husflidsvarer produsert i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Sidan 1929 har Husfliden i Bergen halde hus i Vågsallmenningen 3, sentralt i Bergen. I perioden 1972-1985 hadde utsalget en filial som solgte møblar i Skostredet 8. Hovudprodukta våre er bunad, garn(strikkegarn og vevgarn), gåve/interiør og klede. Me har dei siste åra hatt hovudfokus  på produkt med norsk design eller produkt  som er produsert i Norge. Gjennom Norsk Flid, eit kommersielt samarbeid mellom 29 husflidsutsalg i Norge, har me større kapasitet til å styrka profilen vår.

Me er totalt 15 tilsette på huset. Fire av desse er fast stasjonert på systova i 2. etasje. Alle tilsette på systova har fagbrev i kjole og drakt, skreddar  og/eller bunadstilverkarfaget. Me er stolte av å kunne seia at me produserer mellom 150 og 200 bunadar kvart år. Alle bunadane me syr er norskproduserte.  Mesteparten av bunadsproduksjonen er kvinnebunadar til konfirmantar.

Det er ei oppleving for kundane våre å kunne sjå at det er aktivitet når dei kjem inn i lokale vårt. Å drive ei produksjonsbedrift midt i Bergen sentrum er ikkje så vanleg i dag. Styrken vår er at me har hand om hovudproduktet vårt, bunad, frå A til Å. Kundane kjenner seg trygg når me sit så nærme produktet og produksjonsprosessen. Produkta våre har ei historie som me ynskjer å formidla. Kvar dag legg me vår sjel i å begeistra og inspirera kundane våre.

I vårsesongen pleier me gjerne å seia at me jobbar på Noregs travlaste arbeidsplass. Då syd det av aktivitet og kundar her på huset. Dette vert toppa med Festspillene i Bergen, som òg gjev stor aktivitet i byrommet.

Sidan me ligg så vakkert til mellom dei sju fjell og i nærleiken av Bryggen og Fisketorget, har me vitjing av mange turistar i sommarhalvåret. Dette er ein sesong me alltid ser fram til med forventning.  Då får me brukt både kunnskapen vår om produkta og språkevnene våre.

Det er viktig for oss at kundane våre skal få ei estetisk oppleving når dei kjem inn i butikken vår. Mange av våre tilsette har fagbrev eller har ei genuin interesse for faget me driv. Me håpar at dette vil gjera ein forskjell i forhold til dei tradisjonelle kjedebutikkane.  Me ynskjer å vera ei levende forretning  der me skapar unike opplevingar for kundane våre. 

Kommentarer

Gravatar profile image

26.06.12 22:42 Bjørg Svar

Dette var ein nydeleg presentasjon! Det er alltid kjekt å koma innom på Husfliden i Bergen!

Skriv kommentar
captcha
Copyright MadeinNorwayNow 2011

Blogglisten